![]() |
| http://www.flickr.com/photos/8656572 @N04/2704328102 |
Kaninbyen er ei sint bok med mykje banning og kritikk. Dette er eit verkemiddel forfattaren har brukt for å få fram forakta Roxmann har for samfunnet, noko som kan sjåast her: “Mottoet i Olje-Noreg: La faen andre jobba som slavar og skapa verdiar, så kan me sitta på fjelltoppane våre og skumma fløyten og runka kvarandre” (Rein, 2004. s 81).og her: “Skyt dei rike og griske, det er faen mitt råd”(Rein, 2004. s. 45)
Hovudbodskapen er å få oss til å tenkje gjennom kva samfunn me leve i. Han ser på korleis grådigheita tek over. Mykje vil ha meir. “Advokatane ville sjølvsagt at mordsaker skulle dra ut i det uendelige. Det var det det blei kroner av”(Rein, 2004. s.119). Samstundes kjem skuggesidane fram, med blant anna menneskehandel, svindel og prostitusjon. Kontrastane vart store, og dette får oss til å tenkja.
![]() |
| http://www.flickr.com/photos /20910509@N04/3887715596 |
Boka er lett å lesa og med all banninga og negativiteten vart boka på eit vis litt spesiell. Nokon stor spenningskurve finnest ikkje. Det blir mest så du gjer “F” i korleis det går. Kjenslene og pessimismen hans smittar rett og slett over på lesaren. Om det er ein god ting eller ikkje, kan diskuterast.
Eg synes dette er ei bok som har ei god, djupare meining. Den får ein til å tenkja på sider av samfunnet som ein til vanleg ikkje gjer. På overflata ser jo alt bra ut. Det som er negativt er at boka ikkje er spesielt spanande, du føler ikkje at det er ei bok du ikkje kan legga ifrå deg. Til tross for lite spenning, vil dette vera ei bok eg kjem te å hugsa lenge, på grunn av språkbruken og meininga med boka, og då er vel hensikta til forfattaren oppnådd.
Kjelder:
Rein, Arild. “Kaninbyen” 2004. Samlaget.
Rein, Arild. “Kaninbyen” 2004. Samlaget.
- Hanne Andreassen

